Det vert konsert i 5. time for 1.-7. klasse komande torsdag. Elevar skal delta med song og samspel i melodiar og rytmar med inspirasjon frå ulike delar av verda.
Fredag 30.mars får vi sjå teaterframsyninga "Guds Gjøgler" . Guds Gjøgler er ei poetisk forteljing basert på middelalderlegenda om gateguten Santiago som veks opp til å bli ein berømt sjonglør.Dette er ei historie om framgang og nedgang i eit menneskeliv fortalt gjennom Flamencomusikk og sjonglering.